Referat frå sakprosatekster
Det folk vil ha
Are Kalvø har fleire testar, og ein av dei heiter det folk vil ha. Teksten handlar om at nokon bestemmer alt for oss, kva som skal være på moten, kva som er underhaldande osv. Er det ingen som kan uttala seg på vegne av fleirtalet? Dette er eit godt, men nokså sjølvsagt spørsmål meiner Are Kalvø. Han meiner politikarar og andre folk som liksom skal bestemme for oss, eigentleg bare pratar utifrå nokon få menneskjer som skiller seg frå den store mengda. Kvar bli det eigentleg av demokrati og sunn fornuft?
Gjer leksene dine gut
I denne teksten prøver Are Kalvø å få fram kor like me eigentleg er. Heilt sida me var små har me alltid frustrert oss over dei som seier kva me skal gjere til ei kvar tid. Det bleiv heller ikkje betre når me begynte på skolen og måtte gjere leksar som skulle gjerast til ein gitt tidsfrist. Dei færraste gjorde leksene første dagen, men tvert imot siste dagen. Are Kalvø har teke utgangspunkt i klimaforhandlingene i København, og samanliknar dei som alltid leverte leksene siste dagen, med dei som forhandla heilt til siste minutt om korleis avtalen skulle sjå ut.
Ikkje Amerika, men Amerika
Det har vore ein heit diskusjon om nynorsk er gått ut på dato og burde fjernast frå undervisninga. Dette temaet prøver Are Kalvø og seie noko om ved å samanlikna bokmål og nynorsk med Nord-Amerika og Sør-Amerika. Han tar frem alle dei typiske argumenta for og imot fortsett nynorskundervisning ved å trekke paralleler mellom geografi opp imot norsk. Han seier for eksempel at 90 prosent av alt som blir sagt om Amerika, handlar om Nord-Amerika. På same måte kunne det like godt stått at 90 prosent av alt som blir sagt på norsk, blir sagt på bokmål.
Den grøne kommoden
Den grøne kommoden er skreve av Selma Aarø, og ble utgitt i 1995 som ein del av antologien Signaler. Novella handlar om to samboarar der kvinna i forholdet ønskjer å gjere det slutt. Han er ikkje lenger interessert i ho. Det einaste som gjeld no er å få behalde den grøne kommoden der alle planane for live deira ligg, ikkje noko anna. De har budd saman i omtrent eit år når kvinna fortel mannen at ho har vart utru opp til fleire gonger. Det ser ikkje ut som mannen bryr seg noko særlig. No tenker han bare på å behalde den grøne kommoden.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar