Bundet til et tre i skogen av Karin Sveen
Analyse:
Innledning, Handling og personar:
Bundet til et tre i skogen er ei novelle skrevet av Karin Sveen. Novella er ein del av ei novellesamling(Døtre) skrevet i 1980. Novella handlar om ei jente og ein gut som ska på tur i skogen for å finne mogopar(plante av soleiefamilien), som dei skal gi til mødrene sine som dei elskar så høgt. Men på vegen blir dei banka opp av nokon store guter bare for moro skyld. Kva hovudpersonane heter får man ikkje vite, men dei store gutane heiter Åge og Lyder.
Forteller og synsvinkel:
Teksten har tredje-person synsvinkel. Fortelleren deltar i teksten som en han eller hun. Noe anna som er unikt for denne synsvinkelen er at fortellerstemmen kan være hos en person hele tiden, men plutselig kan den flytte seg te en annen. Ved å bruke tredjeperson synsvinkel oppnås det ein effekt av at lesaren står utanfor sjølve handlinga, men kan likevel ta del i personane sine tankebaner.
Handling og komposisjon:
Handlinga tar sted i en granskog, sannsynligvis på våren. Sjølve målet til dei to ungane er å finne mogopar, ein slags plante av soleiefamilie . Denne planten blir gjentatt fleire gonger, og blir på ein måte den røde tråden i teksten. Jakten på mogopane kunne tittelen vel så godt vært. Men for å nå dei, måtte dei blant anna forbi bekkegubben som haldt kona si fanga og drap kattar på låven, for ikkje snakka om Gamle-Hilda som bare satt og drakk i stua heile dagen. Dette er et frampek på kva som venter dei. Eigentleg er forteljinga framstilt ganske kronologisk. Novella har ein rolige begynning med ein oppbygging som på mange måtar kan minne om klassiske filmar. Det einaste som vart litt usedvanlig er måten novella tek slutt. Det ender mitt i et klimaks der to guter har banka opp guten, bindet ham til en tissemaurtue og tissa på ham. Korleis det går med guten og jenta når dei kjem heim får me aldri vita.
Person og miljøskildringar:
Eg synes at Karin Sveen gjør ein god jobb med person og miljøskildringane i denne novella, spesielt miljøskildringane. I begynninga skildrar ho miljøet på ein måte som fangar oppmerksomheten til lesaren. Ved å bruke både syns, lukt og føle sansane kjenner eg verkeleg korleis hovudpersonane har det. Eg klarer ikkje heilt å finne ut kvifor ei årstid handlinga foregår i, men miljøskildringane gir meg sterk inntrykk av at det er vår. Eksempel:
Det var sol og grantrærne lukta. Inne i skogen låg det snø, og snøen var kald gjennom langstøvlane og sola var varm gjennom lusekufta. Maurtuene hadde begynt å røre på seg, de brune maurene kravlet late om kvarandre.
Ho hadde lusekufte og foldeskjørt og hadde slutta med lue og hadde tre hårspenner i håret. Han hadde blå kjeledress og vottar. Dette er eigentleg det einaste me får vite om utsende te hovudpersonane, men det holder. Eg synes det er bra at ho lar lesaren tenke litt sjølv. Jentas indre personskildringar kjem tydeleg fram når guten blir tisset på og slått av de store gutane. Ho blir framstilt som om ho ikkje har verken bein eller armar. Ho er rett og slett hjelpelaus.
Ordval og setningar som virkemidler:
Noko som er unikt for denne novella er at det blir brukt mykje komma og ”og” for å krydra teksten med et særpreg. Eksempel:
-Hun hadde lusekufte og foldeskjørt og hadde slutta med lue og hadde tre hårspenner i håret.
- Hun var helt stiv, kråkene skreik, hun kunne ikkje skrike, og det var ingen
som ville høre henne heller.
I teksten vart det også brukt metaforar. Metaforar er når det brukast levende gjenstandar for å forsterke effekten til noe ikkje levande. Eksempel:
-fururøtene som lignet på livsfarlige svarte slangar
som ville ete dei opp.
Dette er et virkemiddel som gir oss en oppleving av korleis personane har det.
Konklusjon:
Temaet i denne novella kjem tydeleg fram som mobbing. Kva som er grunne til at dei to gutane gjer som dei gjer er uklart, men det kan virke som om guten har gjort noko han ikkje burde for han vet tydeligvis at dei er ute etter ham. Eksempel:
Kven er det, ropte hun.
. - Åge og Lyder, ikkje snu deg, de kommer bak oss!
Det er ein novelle som er vanskeleg å finne et bodskap bak, for meg virker det veldig opent for forskjellige tankar og synsvinklar. Kanskje e det at man ikkje skall ferdas i ukjent terreng, eller kanskje budskapet rett og slett er at mobbing er møkje meir utbredt enn man trur?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar